Ved direkte sitat skal du alltid oppgi sidetall. Sett sitatet i hermeteikn og gje det att ord for ord.
1Mathiesen 2023: 20
Eit unntak er dersom sitatet er lengre enn 40 ord. Då skil vi det ut i eit eige avsnitt med innrykk.
Dersom du parafraserer, det vil seie at du gir att meningsinnhaldet med eigne ord, tilrår den norske APA-manualen at du oppgir sidetal for lengre tekstar, for eksempel frå ei bok. Når det gjeld krav om sidetal eller ikkje, kan dette vere avhengig av tradisjoner og praksis i ulike fag , så vi tilrår at du spør rettleiaren din om dette.
Om du viser til samanhengande tekst over fleire sider, skal du alltid oppgi første og siste side.
1Aanesland & Holm 2000: 83–85
Hvis du viser til ei kjelde i sin heilskap, og ikkje til ei spesiell side, treng du ikkje å oppgi sidetall.