Ved direkte sitat skal du alltid oppgi sidetal. Nokre gonger finst det ikkje sidetal, til dømes på internettsider og i nokre artiklar. Dersom du har direkte sitat, kan du prøve å vise til annan tilgjengeleg informasjon som hjelper lesaren med å finne det att. For eksempel:
– overskrifta på kapittelet og eventuelt avsnittsnummer
– paragrafnummer, for eksempel for lover
– avsnittsnummer dersom dette finsts
– du kan telje avsnitta sjølv
APA tilrår ikkje å bruke plasseringskodar på Kindle.
Eksempel 1, overskrift og eventuelt avsnittsnummer:
1Hansen 2020: Veien videre, avsn. 2.
Eksempel 2, paragrafnummer:
2Helsepersonelloven 1999: § 76.
Eksempel 3, telle avsnitt:
3Institutt for samfunnsforskning 2000: avsn. 3.
Merknad: Nettsider har som oftast ikkje sidetal. I staden for må du oppgi kva for eit avsnitt teksten er henta frå. Dersom du vil vise til overskrift, og overskrifta er lang, oppgir du kun dei første orda i overskrifta, samt nummeret på avsnittet. Den forkorta overskrifta set du i hermeteikn.
Eksempel: «Man kan skille mellom fusk på den ene side og snusk og sjusk på den andre siden.»4
4Vinther 2016: «Omfanget», avsn. 1.
Dersom kjeldetypen din (for eksempel artikkel) krev sidetal i litteraturlista, lar du berre dette stå tomt dersom sidetal manglar.
Nokre artiklar har eit artikkelnummer eller ein e-lokator i staden for sidetal. Då bruker du artikkelnummer for sidetal i litteraturlista. Skriv «Artikkel» før nummeret:
Eksempel:
PLoS ONE, 4(5), Artikkel e5723. https://doi.org/10.1371/journal.pone.0005723
Bruk Edit & Manage Citation(s) i Word for å sette inn paragrafnummer, avsnittsnummer eller liknande.
Bruk Add/Edit Citation i Word for å sette inn paragrafnummer, avsnittsnummer eller liknande.