Om du ønsker å framheve tittelen på ei bok, ein artikkel, eit tidsskrift eller liknande, kan du skrive det i sjølve teksten din.
Viss kjelda er ei bok, rapport, nettside eller tidsskrift, skriv du tittelen i kursiv.
I boka Musikk, identitet og sted beskriv Alsvik (2005) korleis …
Viss kjelda er ein del av ein større heilskap, som ein artikkel eller eit bokkapittel, skal tittelen stå i hermeteikn.
Bala et al. (2017) skriv i artikkelen sin «Mass media interventions for smoking cessation in adults» at. . .
Dersom du omtaler ein bokserie i teksten, skal tittlen på bokserien ikkje kursiverast.
Gutta i trehuset-serien handlar om Andy og Terry som…
Merknad: Kva meiner ein med «del av ein større heilskap»? Ei bok, eit tidsskrift eller ein nettstad er eksempel på ein heilskap, mens eit kapittel, ein tidsskriftartikkel eller ei nettside er ein del av ein større heilskap.