Dei fleste nettsider treng ikkje ei ekstra opplysning om dato, men i nokre tilfelle må du oppgi ein lesedato (henta dato).
– Sida du har brukt manglar dato
– Sida du har brukt blir endra ofte (Facebook-sider, enkelte oppslagsverk)
– Informasjon som blir endra over tid (for eksempel artiklar frå UpToDate, kart frå Google Maps )
Når du viser til slike ressursar, skal du oppgi henta dato. Dette gjer du for å vise at det kan vere forskjell på innhaldet som lesaren kan finne att, og det som blei brukt i arbeidet med teksten din.
Eksempel 1:
Statistisk sentralbyrå. (u.å.). Arbeidsledighet i Norge. SSB. Henta 20. desember 2023, frå https://www.ssb.no/arbeid-og-lonn/sysselsetting/artikler/arbeidsledighet-i-norge
Kva gjer eg dersom sidetal manglar?
Korleis vise til ei nettside?
Kva gjer eg dersom årstal manglar?
– Nettside med arkiverte versjonar (for eksempel Cochrane reviews eller Wikipedia-artiklar).
– Nettside som har opplysning om dato, og der innhaldet truleg ikke vil bli endra eller oppdatert.
Eksempel 2:
Riganti, P., Ruiz Yanzi, M. V., Escobar Liquitay, C. M., Sgarbossa, N. J., Alarcon-Ruiz, C. A., Kopitowski, K. S. & Franco, J. V. A. (2024). Shared decision‐making for supporting women’s decisions about breast cancer screening. Cochrane Database of Systematic Reviews, (5). https://doi.org/10.1002/14651858.CD013822.pub2
Du må i tillegg bruke URL til den arkiverte versjonen i referansen.
Merknad:
For Wikipedia finn du arkivert URL under «Vis historie». Høgreklikk på dato og tidspunktet og kopier lenka. Den øvste datoen i lista er den nyaste versjonen.
Lesedato: Legg inn dato for når du var inne på nettsida i feltet Access date. Skriv dag. månad år, for eksempel 20. desember 2023.
Merknad: Når du legg inn dato i «norsk» format (for eksempel 24. juni 2023) vil dette også visast slik når du skriv på engelsk. Gå derfor inn og endre manuelt til June 24, 2023 dersom du treng engelsk datoformat.
Har du vurdert om dette er ei nettside som treng lesedato?
Har du brukt arkivert lenke til Wikipedia?
Står det © framfor årstalet du har brukt? Då har du kanskje ikkje rett årstal.
Dersom du bruker EndNote eller Zotero: Hugs å sjekke at dato kjem ut i rett format, og endre dette manuelt dersom det ikkje ser korrekt ut.