Forfattar manglar

Henvisning i teksten

Dersom kjelda manglar forfattar, det vil seie at verken ein person eller organisasjon er oppgitt som ansvarleg, er det tittelen som skal vere med i parentesen. Verk som står aleine, får tittel i kursiv (for eksempel bok eller rapport). Verk som er del av noko større, får tittel i hermeteikn (for eksempel artikkel i tidsskrift eller oppslagsverk). Bruk ein forkorta versjon av tittelen i den løpande teksten, det vil seie at du ikkje tar med undertittel.

Eksempel 1: Historisk riss for Vestfold 2005: 15

Bruker du ein artikkel henta fra eit oppslagsverk som for eksempel Store norske leksikon eller Wikipedia og som ikkje har forfattar, bruker du artikkeltittelen som forfattar.

Eksempel 2: «Eufori»: u.å.

Treng du hjelp?

Forfattar og utgjevar er same person eller organisasjon
Manglar årstal?

I litteraturlista

I litteraturlista tar du med heile tittelen, altså både tittel og eventuell undertittel. Tittelen står som forfattar, og derfor skal verk utan forfatter førast opp alfabetisk etter tittel i litteraturlista.


Eksempel 1:

Historisk riss for Vestfold: Vestfolds historiske utvikling fra 10000 f.Kr og til vår egen tid. (2005). Vestfold fylkeskommune.

Eksempel 2:

Eufori. (u.å.). I Medisinsk ordbok. Ordnett. Henta 14. mars 2023 fra https://www.ordnett.no/search?language=no&p hrase=eufori

EndNote

La forfattarfeltet stå tomt, så vil EndNote automatisk ordne dette.

Viss tittelen er lang eller har ein undertittel, må du skrive den korte tittelen i feltet Short title.

Zotero

La forfattarfeltet stå tomt, så vil Zotero automatisk ordne dette.

Viss tittelen er lang eller har ein undertittel, må du skrive den korte tittelen i feltet Korttittel.

Sjekkliste:


Har du sjekka alle stadar der du kan finne opplysning om forfattar?

I ei bok eller ein rapport kan forfattarnamnet stå både på framsida og tittelbladet. Av og til er det berre nemnt i forordet.

På ei nettside kan namnet til forfattaren stå både heilt øvst i teksten og heilt nedst.