Etternavn Årstal: Sidetal
Eksempel 1 (éin forfattar): Repstad 2014: 53
Eksempel 2 (to forfattarar): Nielsen & Thon 2008: 44
Eksempel 3 (fleire enn to forfattarar): Fasting et al. 2011: 42
Forfattar. (år). Tittel: Undertittel (utg.). Forlag.
Eksempel 1 (éin forfattar):
Repstad, P. (2014). Sosiologiske perspektiver for helse- og sosialarbeidere (3. utg.). Universitetsforlaget.
Eksempel 2 (to forfattarar):
Nielsen, M.-B. O. & Thon, J. (2008). Wergelandenes Kristiansand: Byguide. Wergelandselskapet.
Eksempel 3 (fleire enn to forfattarar):
Fasting, M., Doksheim, M. & Vatnøy, E. (2011). Den norske velferden. Civita.
Legg inn som Book.
Fyll ut felta: Author, Year, Title, Edition*, Publisher
Merknad: *Ikkje når det er 1. utgåve.
Legg inn som Bok.
Fyll ut felta: Tittel, Forfatter, Utgave*, Utgiver, Dato
Merknad: *Ikkje når det er 1. utgåve.
Har du forsikra deg om at boka har forfattar(ar), og ikkje redaktør(ar)? Dette kan du sjekke ved å sjå på innhaldsforteikninga i boka: Dersom kapitla har ulike forfattarar vil boka som oftast ha ein eller fleire redaktørar. Dersom det ikkje står oppgjeve forfattarnavn under dei ulike kapitla kan du gå ut frå at boka har ein eller flere forfattarar.
Har du klart å skille mellom utgåve og opplag? Det vert kalla ny utgåve (forkorting: utg.) dersom det har blitt gjort endringar i innhaldet. Dersom ei bok er heilt lik, og berre har blitt trykt opp på ny, vert det kalla nytt opplag (forkorting: oppl.). Det treng du ikkje ta med i litteraturlista.