Klassiske verk (greske og romerske verk) og klassisk litteratur (f.eks. Shakespeare) har ikkje alltid eit kjent eller eksakt publiseringsår. Dei er ofte omsette fleire gonger og utgjevne fleire gonger. Det er den utgåva eller omsetjinga du har brukt du skal vise til.
Dersom opprinneleg årstal er kjent, må du ha med årstal for første utgjeving samt årstal for utgåva eller omsetjinga du bruker, skilt med skråstrek.
Etternavn Opprinneleg år/år: Sidetal
Eksempel 1: Dante Alighieri 1472/2005: 241
Eksempel 2: Homer ca 800 f. Kr./1898
Eksempel 3: Sturluson ca 1220/1998: 51
Klassiske verk og klassisk litteratur får innføring som bøker. Dersom verket er omsett eller gjendikta, skal omsetjaren sitt navn stå i parentes etter tittelen i litteraturlista. I parantes til slutt set du «Opprinneleg utgjeve» og årstal.
Forfattar. (år). Tittel: Undertittel (Omsetjar, Oms.; utg.). Forlag. (Opprinneleg utgjeve år)
Eksempel 1:
Dante Alighieri. (2005). Den guddommelege komedie (M. Ulleland, Oms.; 2. utg.). Gyldendal. (Opprinnelig utgitt 1472)
Eksempel 2 :
Homer. (1898). The Iliad (S. Butler, Oms.). The Internet Classics Archive. http://classics.mit.edu/Homer/iliad.html (Opprinneleg utgjeve ca. 800 f. Kr)
Eksempel 3:
Sturluson, S. (1998). Den yngre Edda (M. Eggen, Oms.; 5. utg.). Samlaget. (Opprinneleg utgjeve ca 1220)
Merknad: Ulike fag har ulike tradisjonar for å vise til klassiske verk. Høyr med vegleiar/faglærar kva som er anbefalt praksis innanføre ditt fag og på ditt nivå.
Legg inn som Book.
Fyll ut felta: Author, Year, Title, Edition*, Publisher. Translator viss aktuelt.
For å få begge årstal med i tilvisning i tekst må du redigere manuelt.
Opprinneleg utgjevingsår legg du inn i feltet «Original Publication». Her må du skrive inn heile teksten som skal stå i parentesen til slutt i referansen, for eksempel «Opprinnelig utgitt 1472».
Merknad: *Ikkje når det er 1. utgåve.
Legg inn som Bok.
Fyll ut felta: Tittel, Forfatter, Utgave*, Utgiver, Dato. Translator viss aktuelt.
Legg inn «Original date: [årstal]» i feltet Extra for å legge inn opprinneleg utgjevingsår.
Merknad: *Ikkje når det er 1. utgåve.
Har du tatt med rett år for den utgåva du bruker? I bøker skal det vere ei side som inneheld copyright-opplysningar med årstal for utgåve. Det står som regel på ei av dei første sidene, men kan også stå helt bakerst i boka.
Opprinneleg år skal vere med både i tilvisning i teksten og i litteraturlista. Har det klassiske verket eit (antatt) kjent publiseringsår? Nokre verk har eit eksakt første trykkeår. Andre verk antar vi vart skrevne i eit bestemt tidsrom. Dersom det ikkje står noko om dette i den omsetjinga eller utgåva du bruker, kan du prøve å finne eit cirka-år i eit oppslagsverk eller liknande.
Er verket omsett eller gjendikta? Har du tatt med opplysning om omsetjar?