Intervju

Henvisning i teksten

Intervju som kjelde kan vi dele i tre kategoriar: Publiserte intervju, intervju med eigne informanter og personlege intervju.

Publiserte intervju

Dette er intervju som er publisert i aviser, magasin, tidsskrift, podkastar, TV, radio, etc. Følg den kjeldetypen som intervjuet kan definerast som, for eksempel avisartikkel.

Felles for alle referansetypar er at det er den som gjennomfører intervjuet det skal henvisast til. Dersom du ønsker å få med navnet på personen som blir intervjua, kan du nevne hen i teksten.


Eksempel 1: Tilvisning til intervju i avis:

Jakobsen 2024


Eksempel 2: Intervju i nettmagasin, lagt inn som nettside:

Fimland 2016

Intervju med dine eigne informantar

Dette er intervju du har gjort med dine eigne informantar eller intervjuobjekt. Desse krev ikkje referering i APA-stil, fordi du ikkje siterar ditt eige verk i teksten der dette først blei rapportert, og du skal heller ikkje referera til dei som personleg kommunikasjon. Tilvisning skal altså ikkje vere med sjølv om du siterar informantane dine, men poengter i teksten din at sitata kjem frå dei.

Personlege intervju

Dette er intervju du har gjort for å støtte poeng i teksten din.  Vis til personleg kommunikasjon kun i teksten, ikkje i referanselista. Oppgi så presis dato som mogeleg.


Eksempel 3:

I samtale med Trine Larsen (personleg kommunikasjon, februar 2018) framkom det at…

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Merknad:

Når du siterer eigne informantar, bruk same oppsett som for andre (direkte) sitat: Sitat på under 40 ord skal markerast med anførselstegn i teksten, og lengre sitat på 40 ord eller fleire i et eige avsnitt og innrykk frå venstre.

I litteraturlista

Publiserte intervju

Stort sett vil dette vere åpne kjelder alle kan ha tilgang til. Du behandlar dei derfor som andre typer referansar, og følger formatet for den typen referanse som intervjuet kan definerast som: Avisartikkel, magasinartikkel, podkast, TV-program etc.


Eksempel 1: Intervju i avis, lagt inn som avisartikkel:

Jakobsen, H. Ø. (2024, 8.-14. mars). Du er i abortnemnda nå. Morgenbladet, 2–3.

Eksempel 2: Intervju i nettmagasin, lagt inn som nettside:

Fimland, Ø. (2016, 24. august). Mistenker mørketall på plagiat. Khrono. https://khrono.no/plagiering-forskningsetiske-komite-hvinden/mistenker-morketall-pa-plagiat/153015

Intervju med dine eigne informantar

Desse er ein del av din originale forskning, og  skal ikkje inkluderast i litteraturlista.

Personlege intervju

Tas ikkje med i litteraturlista, fordi dette ikkje er dokumenterbar eller publisert informasjon.

EndNote

Publiserte intervju legg du inn som den kjeldetypen dei tilhøyrer: Avisartikkel, magasinartikkel, podkast, TV-program etc.

Personlege intervju legg du vanlegvis ikkje inn i EndNote.

Zotero

Publiserte intervju legg du inn som den kjeldetypen dei tilhøyrer: Avisartikkel, magasinartikkel, podkast, TV-program etc.

Personlege intervju legg du vanlegvis ikkje inn i Zotero.

Sjekkliste:


Hugs at intervju med eigne informantar treng du ikkje å referere til. Dei skal heller ikkje førast i litteraturlista.
Personlege intervju vert behandla som personleg kommunikasjon, og skal ikkje førast i litteraturlista.
Hugs at publiserte intervju, for eksempel på TV eller i aviser eller tidsskrift, refererar til intervjuaren og ikkje til den som vert intervjua.
Hugs å sjekke kva for kjeldetype du bruker før du refererar til intervjuet. Er det for eksempel frå eit TV-program må du følge oppsettet til denne kjeldetypen i litteraturlista.

Test deg selv!

Du har intervjua ein tidlegare professor innan ditt fag. Intervjuet foregjekk på Teams. Korleis viser du til dette?
Riktig! Personleg kommunikasjon skal ha tilvisning i teksten, men ikkje oppføring i litteraturlista.
Prøv ein gang til, dette blei ikke helt riktig.