Personleg kommunikasjon (førelesingsnotat, epost o.l.)

Henvisning i teksten

Førelesingsnotat, e-postar, tekstmeldingar, samtalar og liknande som ikkje er tilgjengeleg for andre, vert refererte til som personleg kommunikasjon.

Oppgi kven du har snakka med og kvifor dette er relevant (personen sin tilknytning til materialet du behandlar), og når du snakka med vedkommande. Be personane du snakka med godkjenne at dei blir siterte, og at dei blir korrekt sitert. I fotnota må dato vere med:

Eksempel:

… D. Didriksen, personlig kommunikasjon, 17. desember 2024.

David Didriksen (personlig kommunikasjon, 17. desember 2017) påpekte i e-post at….

Ikkje bruk personleg kommunikasjon for sitat eller informasjon frå eigne intervjuobjekt som utgjer ein del av dine forskningsdata.

I litteraturlista

Personleg kommunikasjon er ein kjeldetype som ikkje er gjenfinnbar. Denne typen referansar skal derfor ikkje ha ein innførsel i litteraturlista.

EndNote

Kan leggast inn som Personal communication for å lagre dei opplysningane du har frå samtalen.

Zotero

Du kan bruke kjeldetypene E-post, Hurtigmelding eller Intervju, men desse gir også ein innførsel i litteraturlista, som du må slette manuelt.

Sjekkliste:


Er du sikker på at kjelda du har brukt ikkje er tilgjengeleg for andre? Dersom det f.eks. er ein presentasjon som ligg offentleg tilgjengeleg (utan innlogging) på nettet skal den ikkje leggast inn som personleg kommunikasjon.

Test deg selv!

Dersom du bruker noko faglærar har sagt i ei førelesing som kjelde i oppåva di, korleis viser du til det i litteraturlista?
Riktig! Personleg kommunikasjon skal ha tilvisning i teksten, men ikkje oppføring i litteraturlista.
Prøv ien gang til, dette blei ikke heilt riktig.