Sidetal manglar

Henvisning i teksten

Ved direkte sitater skal du alltid oppgi sidetal. Nokre gonger finst det ikkje sidetal, for eksempel på internettsider og i nokre artiklar. Dersom du har direkte sitat, kan du prøve å vise til annan tilgjengeleg informasjon som hjelper leseren med å finne det att. For eksempel:

– overskrifta på kapittelet og eventuelt avsnittsnummer
– paragrafnummer, for eksempel for lover
– avsnittsnummer dersom det finst
– du kan telje avsnitta sjølv

APA tilrår ikkje å bruke plasseringskodar på Kindle.

Eksempel 1, overskrift og eventuelt avsnittsnummer:

(Hansen, 2020, Veien videre, avsn. 2)

Eksempel 2, paragrafnummer:

(Helsepersonelloven, 1999, § 76)

Eksempel 3, telle avsnitt:

(Institutt for samfunnsforskning, 2000, avsn. 3)

 

Merknad: Nettsider har som oftast ikkje sidetal. I staden for må du oppgi kva for eit avsnitt teksten er henta frå. Dersom du vil vise til overskrift, og overskrifta er lang, oppgir du kun dei første orda i overskrifta, samt nummeret på avsnittet. Den forkorta overskrifta set du i hermeteikn.

Eksempel: «Man kan skille mellom fusk på den ene side og snusk og sjusk på den andre siden» (Vinther, 2016, «Omfanget», avsn. 1).

I litteraturlista

Dersom kjeldetypen din (for eksempel artikkel) krev sidetal i litteraturlista, lar du berre dette stå tomt dersom sidetal manglar.

Nokre artiklar har eit artikkelnummer eller ein e-lokator i staden for sidetal. Då bruker du artikkelnummer for sidetal i litteraturlista. Skriv «Artikkel» før nummeret:

Eksempel:

PLoS ONE, 4(5), Artikkel e5723. https://doi.org/10.1371/journal.pone.0005723

EndNote

Bruk Edit & Manage Citation(s) i Word for å sette inn paragrafnummer, avsnittsnummer eller liknande.

Zotero

Bruk Add/Edit Citation i Word for å sette inn paragrafnummer, avsnittsnummer eller liknande.