Av og til er det nødvendig å omsetje tittelen i referansen. Det kjem an på kva for eit språk du skriv på. Om du skriv på norsk, treng du ikkje å omsetje tittelen viss kjelda er på engelsk eller eit skandinavisk språk. Når kjelda di er på eit anna språk enn dette, lagar du ei eiga omsetjing i hakeparentes bak tittelen på originalspråket.
Anderseck. (2020). Akademisch Kommunizieren: Bausteine sozialwissenschaftlichen Forschens [Kommuniser fagleg: Byggesteinar i samfunnsvitskapleg forsking]. Ibidem Verlag.
Hvis kjelda di er eit kapittel eller ein artikkel, er det kapitteltittel/artikkeltittel du omset, ikkje boka eller tidsskriftet.
Lasserre, F. (2021). L’essor des activités économiques en Arctique : impact des changements climatiques et de la mondialisation [Framveksten av økonomiske aktivitetar i Arktis: verknaden av klimaendringar og globalisering]. BELGEO (Leuven), (1). https://doi.org/10.4000/belgeo.44181
Den omsette tittelen skal aldri stå i kursiv.
Om du skriv på engelsk er regelen at alle andre språk enn engelsk skal ha ei omsetjing av tittelen.
Legg omsetjinga i feltet Translated title.
Legg inn Medium: Omsett tittel i feltet Ekstra.
Dersom du også har lagt inn opplysningar om utgåve, vil Zotero sette dette inn før omsett tittel. Det må du endre manuelt, etter at dokumentet er kopla frå Zotero.
Har du hugsa å bruke hakeparentes?
Har du passa på at den omsette tittelen ikkje er i kursiv?
Har du omsett rett del av informasjonen?