Når du viser til allment kjende religiøse skrift som Bibelen eller Koranen oppgjev du kva bok, kapittel og vers sitatet er henta frå. Første gang du tilviser, gi opp utgåve som i eksempelet under:
Eksempel 1: … «for det var ikkje husrom for dei.»1
1 Bibelen 2011: Luk 2,7
Neste gong du viser til same utgåve viser du berre til del, kapittel, vers:
Luk 2,7
Det anbefalast at forkortingane for dei bibelske skrifta følger det systemet som vert brukt i Bibelselskapet sine omsetjingar, som Bibelen 2011 og Bibelen 1978/85.
Eksempel 2: Koranen, 1989: 1: 6–7
Ved første tilvisning til Koranen, ta med utgåve. Deretter viser du berre til kapittel/sure: vers.
1: 6–7
Merknad: Bibelen er systematisk inndelt og nummerert. Kvar del har ein full tittel og ei kjent forkorting. Sjå Bibelen si innhaldsliste for forkortingane. Paulus sitt første brev til korintarane vert for eksempel forkorta 1 Kor utan nokon ekstra teiknsetjing. Bruk dei forkortingane og den nummereringa som utgåva di har.
Religiøse skrift vert vist til som bøker utan forfattar. Det kan vere vanskeleg å gi opp opprinneleg utgjevingssår, og skrifta vil vere publiserte i mange utgåver. Bruk årstalet for den utgåva du bruker.
Eksempel 1: Bibelen. (2011). Bibelselskapet.
Eksempel 2: Koranen. (E. Berg, Overs.). (1989). Universitetsforlaget.
Ta med omsetjar sitt navn dersom det er oppgjeve, slik det ofte vil vere dersom du f.eks. viser til Koranen eller buddhistiske skrifter.
Bruker du ei nettutgåve, inkluder nettadressa i litteraturlista.
Bibelen. (2011). Bibelselskapet. https://bibel.no/nettbibelen
Legg inn som Book.
Fyll ut felta: Year, Title, Publisher, Translator (dersom aktuelt)
Legg inn som Bok.
Fyll ut felta: Tittel, Oversetter (dersom aktuelt), Utgiver, Dato
Står det navn på omsetjar i utgåva du bruker? I så fall skal du ta det med i litteraturlista.
Har du vist til sidetal? For religiøse tekstar vil sidetal vere ulikt fra utgåve til utgåve, og derfor viser vi ikkje til sidetal. Istadenfor viser vi til inndeling som nummererte kapittel, vers eller surer. Bruk dei forkortingane og den nummereringa som utgåva di har.