Dersom du ønsker å vise til ein konsert, danseforestilling, teaterstykke, føredrag eller annan type forestilling du har vore til stades på, er det eit spørsmål som avgjer korleis du skal sitere hendinga: Kan den hentas fram igjen og dokumenteras?
Dersom forestillinga ikkje blei tatt opp på nokon måte, det vil seie dersom opptak (lyd eller bilete) ikkje er tilgjengeleg, gjeld same regel som for personleg kommunikasjon: Du viser kun til forestillinga i teksten, men inkluderer den ikkje i litteraturlista.
Eksempel:
Eg lot meg inspirere av blåsarane som spelte saman med Marcus Miller på hans konsert på Folken (M. Miller, personleg kommunikasjon, 12. august 2025).
Få med kven som var ansvarleg for forestillinga, stad og dato.
Dersom forestillinga blei tatt opp og er offentleg tilgjengeleg, for eksempel på Youtube, via ei strømmeteneste eller på artisten si nettside, viser du til opptaket på vanleg måte. Viss det for eksempel er ein video på Youtube viser du til den som det, i teksten og litteraturlista.
Eksempel:
Eg var på konsert med Kaizers Orchestra i Stavanger, ganske tidleg i deira karriere (The Violet Season, 2017).
Dersom ein forestilling ikkje har blitt tatt opp og gjort offentleg tilgjengelig er det ei kjelde som ikkje er gjenfinnbar. Denne typen kjelder skal ikkje ha innførsel i litteraturlista.
Dersom ein forestilling har blitt tatt opp og gjort offentleg tilgjengelig vert den ført i litteraturlista på vanleg måte, etter kva slag kjeldetype det er snakk om.
Eksempel, video på Youtube:
The Violet Season. (2017, 25. september). Kaizers Orchestra Live at Folken, Stavanger, 22.04.2002 (Full Concert) [Video]. https://www.youtube.com/watch?v=wnywq5IapzM
Dersom ein forestilling har blitt tatt opp og gjort offentleg tilgjengeleg vert den ført i litteraturlista på vanleg måte, etter kva slag kjeldetype det er snakk om. Bruk den kjeldetypen i Kildekompasset som passar best. Her er nokre boksar som kan vere aktuelle:
Musikkopptak – album
Podkast
Videoklipp på Youtube eller liknande
Film
Dersom ein forestilling har blitt tatt opp og gjort offentleg tilgjengeleg vert den ført i litteraturlista på vanleg måte, etter kva slag kjeldetype det er snakk om. Bruk den kjeldetypen i Kildekompasset som passar best. Her er nokre boksar som kan vere aktuelle:
Musikkopptak – album
Podkast
Videoklipp på Youtube eller liknande
Film
Har du sjekka om forestillinga du har vore på faktisk kan vere offentleg tilgjengeleg? Gjer gjerne eit søk i Youtube og liknande plattformer, men ver klar over at det er ikkje nok med korte klipp frå for eksempel ein konsert. Dersom du sjølv har vore til stades på heile forestillinga bør film- eller lydklippet du viser til også dekke heile, eller det aller meste, av forestillinga.