I bøker skal det vere ei side som inneheld copyright-opplysningar. Desse står som regel på ei av dei første sidene, men kan også stå heilt bak i boka.
Du skal velje det årstalet som det står Copyrightmerke © framfor
Eksempel
I boka står det:
© Gyldendal Norsk Forlag AS 2020
1. utgåve 1993
2. utgåve 2000
2. utgåve, 2. opplag 2022
Du skal velje 2020.
For artiklar i trykte tidsskrift finn du årstalet på omslaget.
Artiklar du finn på nettet kan ha fleire årstal. Nokre artiklar blir publiserte på nett før dei har fått volum og heftenummer. Bruk alltid dei nyaste opplysningane du finn.
Nettsider kan ha fleire oppgitte årstal – eller ingen! Ofte finn du eit årstall merka © (Copyright) nedst på sida. Dette årstalet handlar som regel om design og layout. Publiseringsår eller dato står vanlegvis i samanheng med teksten. Bruk dato for sist oppdatert dersom den er oppgitt.
Dersom nettsida oppgir både årstal og dato skal du bruke begge delar i litteraturlista: (2024, 13. mars). I parentesen i teksten skal berre årstalet vere med.
Årstalet legg du inn i feltet Year.
Dato for publisering eller sist oppdatert legg du inn i Last update date. Skriv slik: 14. mai
Dersom du må ha med lesedato/hentedato skriv du det i Access date. Skriv slik: 14. mai 2024
Årstalet legg du inn i feltet Date.
Dersom du må ha med lesedato/hentedato skriv du det i Accessed. Skriv slik: 14. mai 2024
Har du brukt det nyaste årstalet frå kjelda?
Har du med lesedato på nettside utan årstal?