Kapittel av andre enn forfattar

Henvisning i teksten

Denne regelen gjeld når nokon andre enn forfattaren har skrive eit eller fleire kapittel i ei bok, eller når for eksempel forord, innleiing eller etterord er skrive av andre enn forfattaren.

I referansen viser du berre til forfattaren. Nemn gjerne bidragsytars namn i sjølve teksten.

Eksempel, vise til heile boka:
Lillejord et al. 2013: 14

Eksempel, vise til kapittel skrive av andre enn forfattar:
…som Gilje peiker på i sitt kapittel «Det digitale klasserommet» Lillejord et al. 2013: kap. 6

Eksempel, forord skrive av andre enn forfattar:
I forordet redegjør Roger Watson (Aveyard, 2019 : x-xi) for …

Merknad:
Dette er noko anna enn kapittel i redigert bok.

Merknad:
Denne typen bok har ikkje separate referansar for enkeltkapittel. Du kan identifisere forfattaren av ein del av boka i teksten, utanfor tilvisinga.

I litteraturlista

I litteraturlista tar du med bidragsytar som har skrive forord, innleiing eller etterord i parentes dersom namnet er oppgitt på tittelblad eller omslag. I motsett fall viser du berre til kjelda som vanleg, uten å ta omsyn til bidragsytar.

Eksempel der namnet til bidragsytar står på tittelblad eller omslag:

Illich, I. (1973). Det skoleløse samfunn : om å flytte læring fra skolestua ut i dagliglivet (Forord av Nils Christie). Dreyer.

Eksempel der bidragsytar IKKJE er oppgitt på tittelblad eller omslag:

Aveyard, H. (2019). Doing a literature review in health and social care: A practical guide (4. utg.). Open University Press.

Dersom det er snakk om ein forfattar som har skrive eit kapittel i boka tar du det ikkje med i litteraturlista. Vis til kjelda som ei heilt vanleg bok.

Eksempel:

Lillejord, S., Manger, T. & Nordahl, T. (2013). Livet i skolen 2. Grunnbok i pedagogikk og elevkunnskap: Lærerprofesjonalitet (2. utg.). Fagbokforlaget.

EndNote

Legg inn som Book.

Fyll ut felta: Author, Year, Title, Publisher, Edition*.

Dersom du skal legge til forfattar av føreord, innleiing eller etterord må dette gjerast manuelt, etter at dokumentet er kopla frå EndNote.

Merknad: *Ikkje når det er 1. utgåve.

Zotero

Legges inn som Bok.

Fyll ut feltene: Tittel, Forfatter, Utgave*, Utgiver, Dato

Dersom du skal legge til forfattar av føreord, innleiing eller etterord må dette gjerast manuelt, etter at dokumentet er kopla frå Zotero.

Merknad: *Ikkje når det er 1. utgåve.

Sjekkliste:


Har du sjekka godt nok at dette ikkje er ei bok med redaktør? Ta gjerne ein ekstra kikk i innhaldslista, at det ikkje står ulike forfattarar for kapitla i boka. Sjå også på tittelblad og framside, at det ikkje står [ed.] eller [red.] etter nokre namn.

Test deg selv!

Når tar du med ein person som har skrive føreord, innleiing eller etterord i referansen i litteraturlista?
Rett! Du tar med denne personen i parentes i referansen dersom namnet står på tittelblad eller omslag.
Prøv ein gong til, dette blei ikkje heilt rett.