Ingen boksar passar

I litteraturlista

Når du har brukt ei kjelde må du ha ein referanse til ho. Det går fint å bygge ein referanse på eiga hand dersom du ikkje finn ein kjeldetype som passar. Du kan kombinere informasjon frå ulike kjeldetypar og reglar for å lage ein referanse som beskriv innhaldet. Hugs at poenget med referansen er at leseren kan finne att kjelda.

Ein referanse består som regel av fire element som svarer på kvart sitt spørsmål:

Forfattar: Kven er ansvarleg for dette verket?
Publiseringstidspunkt: Når blei verket publisert?
Tittel: Kva heiter verket?
Kjelde: Kvar kan eg finne dette verket?

Mellom kvart element set du eit punktum. Til saman blir dette:

Forfattar. (år). Tittel [eventuelt beskriving i klammeparentes]. Utgivar. URL

Forfattar: Ein forfattar er ikkje alltid ein person. Det kan vere ein institusjon, foreining, organisasjon, kommune, eit departement osb.

Publiseringstidspunkt: Vanlegvis årstal, men for nettsider som ofte blir oppdaterte må du ha med sist oppdatert dato.

Tittel: Finst det ikkje noko som er ein tittel, kan du lage ei beskriving i klammeparentes.

Kjelde: For eksempel forlag, namn på nettstad, organisasjon, departement. Om du har DOI eller URL, tar du dette med.

 

Merknad: Dersom du er i tvil, ta kontakt med biblioteket på studiestaden din.

Sjekkliste:


Har du hugsa å få med alle dei fire elementa: forfattar, publiseringstidspunkt, tittel og kjelde?

Er det mogleg for lesaren å forstå kva slags kjelde det er og finne ho igjen?

Test deg selv!

Kva for ein av desse påstandane stemmer?
Rett! Nokre kjelder passar ikkje heilt inn, men du kan pusle saman nok informasjon til å kunne finne igjen kjelda.
Prøv ein gong til, dette blei ikkje heilt rett.