Dersom det ikkje er gitt opp nokon person som forfattar, kan institusjonen som står ansvarleg for teksten gis opp som forfattar.
I tilvisning i teksten fører du opp fullstendig navn med forkorting i hakeparantes første gongen du viser til kjelda. Dersom du viser til den seinare, treng du kun å bruke forkortinga.
Første gongs tilvisning: (Universitetet i Stavanger [UiS], 2021)
Seinare tilvisningar: (UiS, 2021)
Når ein institusjon er både forfattar og utgjevar av eit dokument treng du ikkje å føre opp institusjonen som utgjevar.
Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet. (2018). Kunnskap for en bedre verden: NTNU strategi 2018-2025. https://www.ntnu.no/ntnus-strategi/overordnet-mal
Dersom ein forfattar sjølv har gitt ut eit dokument vert vedkommande kun ført opp som forfattar, du treng ikkje å føre opp same person som utgjevar.
Dersom verken ein person eller organisasjon er gitt opp, sett du inn tittel i staden for forfattarnavn.
Hugs komma etter organisasjonsnavn som forfattar. Viss ikkje vil EndNote lese det som eit personnavn, og vri om på rekkefølga.
Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet,
Huga å legge organisasjonsnavn som forfattar i enkelt felt.
Har du sjekka alle stadar der forfattar kan stå oppgitt? I bøker, manualar, artiklar i oppslagsverk eller rapportar kan forfattarnavnet stå både på forsida, tittelbladet og av og til kun nevnast i forordet.
På ei nettside kan forfattaren sitt navn stå både heilt øverst i teksten og heilt nederst.
Har du hugsa å gi opp organisasjonen sitt fulle navn i litteraturlista? I motsetning til tilvisninger, må du gi opp organisasjonen sitt fulle navn i litteraturlista.