Set sitatet i hermeteikn, etterfølgt av fotnote. I fotnoten oppgir du opplysingar om forfattar og årstal og sidetal. Dersom du siterer ei nettside eller anna materiale som ikkje har sidetal, oppgir du avsnittsnummer, tidsmerknad eller liknande som gjer det lettare for lesaren å finne att sitatet.
Eksempel:
Buplikta har i dei seinare åra vore mykje diskutert i media, med spesielt fokus på dei attraktive eigedomane langs Sørlandskysten. «Gjennomsnittstall viser at i kommuner med boplikt er boligene like mye bebodd i løpet av året som i kommuner uten boplikt».1 Denne undersøkinga understrekar altså argument som allereie er…
1Aanesland & Holm 2002: 84.
Eit langt sitat skil du ut i eit eige avsnitt med innrykk. I parentesen oppgir du opplysningar om forfattar og årstal og sidetal. Fotnoten kjem etter punktum.
Eksempel:
Buplikta har dei seinare åra vore mykje diskutert, med spesielt fokus på dei attraktive eigedomane langs Sørlandskysten. Mellom anna blir det påpeikt at politisk regulering ikkje alltid fører til auka velferd for fleirtalet:
Boplikt kan være et eksempel som bekrefter at den samlede velferden i samfunnet blir mindre. De ønskede resultatene kommunen oppnår med boplikt, er samlet sett svært små. Hensikten med boplikt er å få et bedre bomiljø, flere bebodde hus med lys i vinduene på mørke vinterkvelder. Dagens teknikk resulterer i at det lyser mest i vinduene hos dem som misligholder boplikten og som har vond samvittighet for at de ikke bor der.2
Desse argumenta viser til…
2Aanesland & Holm 2002: 84.
Dersom du bruker mange lange sitat, bør du vurdere om nokre av desse heller kan parafraserast, altså at du skriv med dine eigne ord. Dette gir ofte ein betre flyt i teksten, og du viser korleis du sjølv har forstått og tolka kjelda.
Hugs at du alltid skal oppgi kjelde også når du parafraserer! Du bør oppgi sidetal dersom det er nødvendig for å hjelpe leseren å finne tilbake til det du har sitert. Dette gjeld først og fremst om har brukt ein lengre tekst, som t.d. ei bok. Her er det ulike tradisjonar og ulik praksis innanfor fagfelta, så spør gjerne rettleiaren eller faglæraren din kva som er vanleg i faget du studerer.