År manglar

Henvisning i teksten

Dersom det manglar opplysningar om når eit dokumentet er er gitt ut bruker du forkortinga for «utan årstal». Den ser slik ut: u.å.

Eksempel:

Helsedirektoratet: u.å.

I litteraturlista

Følg kjeldetype. I staden for år skriv du u.å.

Eksempel:

Helsedirektoratet. (u.å.). Nasjonal faglig retningslinje for mat og måltider i skolen [plakat].

EndNote

Fyll ut felta etter kjeldetype. I feltet Year skriv du u.å.

Zotero

Fyll ut felta etter kjeldetype. Feltet Dato kan du la stå tomt, då vil Zotero automatisk leggje til u.å.

Sjekkliste:


Har du sjekka alle stader der årstal kan vere oppgitt? Det kan stå både på framsida, tittelbladet, kolofon framme eller bak i publikasjonen, og av og til også til slutt i føreordet.

For rapportar, retningslinjer og andre typar dokument du finn i fulltekst på nettet kan det hende det ikke står utgivingssår i sjølve publikasjonen, men det kan stå oppgitt på sida som det blir lenka frå. I så fall kan du bruke dette årstalet.