Du kan tilvise på denne måten dersom presentasjonen ligg åpent tilgjengeleg for alle. Du kan også bruke den for å vise til eit opptak av ei førelesing eller ein PowerPoint-presentasjon som er tilgjengeleg frå eit «digitalt klasserom» (for eksempel Canvas) som lesarane dine har tilgang til.
Forfattar År
Eksempel 1: Coyle u.å.
Eksempel 2: Melheim u.å.: Lysark 33
Vert vist til som personleg kommunikasjon.
Forfattar. (år). Tittel: Undertittel [Lysarkpresentasjon]. Utgjevar. URL
Eksempel 1, presentasjon som er åpent tilgjengeleg:
Coyle, K. (u.å.). Bibliographic data: A new context [Lysarkpresentasjon]. http://www.kcoyle.net/presentations/oslo2011.pdf
Eksempel 2, presentasjon på intranett eller LMS:
Melheim, B. G. (u.å.). Helsefremmende sykepleie. [Lysarkpresentasjon]. Canvas. https://hvl.instructure.com/
Når presentasjonen er tilgjengeleg for lesarane via eit intranett eller læringsplattform, nevner du navnet på intranettet. URL skal vise til ei innloggingsside.
Dette er ei kjelde som ikkje er gjenfinnbar. Denne typen referansar skal derfor ikkje ha ein innførsel i litteraturlista. Du kan eventuelt vurdere å ha med presentasjonen som eit vedlegg til oppgåva di, dersom du treng det og har fått tillatelse frå den som står bak presentasjonen.
Vurder om du heller skal finne fram til originalkjeldene som presentasjonen bygger på.
Hakeparentes finn du på tastaturet:
Windows: Alt gr + 8 [ og alt gr + 9 ]
Mac: Command + 8 [ og command + 9 ]
Legg inn som Web page.
Fyll ut felta: Forfatter, Year, Title, Publisher, Description, URL
Merknad: Ein presentasjon som ikkje er tilgjengeleg for lesaren skal ikkje med i litteraturlista.
Legg inn som Presentasjon.
Fyll ut felta: Tittel, Presentatør, Type, Møtenavn (legg inn navn på konferanse, utgjevar eller navn på intranett), Dato, URL
Merknad: Ein presentasjon som ikkje er tilgjengeleg for lesaren skal ikkje med i litteraturlista.
Er powerpointen du vil vise til tilgjengeleg for dei som skal lese oppgåva?
Kunne du heller funne fram originalkjelda presentasjonen bygger på?