Kompendium og deler av kompendium

Henvisning i teksten

Eit kompendium er ei samling med tekstar henta frå andre kjelder, som kopierte utdrag frå bøker eller artiklar frå tidsskrift. Når du skal referere til ein tekst fra eit kompendium, er det viktig å gi riktig informasjon som gjer at andre kan finne den originale kjelda.

Eit kompendium som er sett samen av tekstar i samband med eit studie, er ikkje åpent tilgjengelege. Derfor må du finne referansen til teksten der den opprinnelig er publisert. I kompendiet bør referansen til originalkjelda vere oppgitt. Bruk denne, men kontroller at den er korrekt. Dersom det ikkje er oppgitt kjelde, bør du gjere eit søk i ein database eller på internett for å finne originalkjelda. Lag ein referanse som samsvarer med den kjeldetypen det er (tidsskriftartikkel, kapittel i bok eller annan type kjelde).

Dersom du ikkje klarer å finne ut kor teksten opprinneleg har vore publisert viser du til kompendiet. For å vise til eit heilt kompendium, følg eksempelet frå Bok med redaktør.

I litteraturlista

Kjelda får vanleg innførsel i litteraturlista ut frå kva type kjelde det er snakk om: Bok, kapittel/artikkel i bok med redaktør, artikkel osv.

EndNote

Legg inn som Book, Book section, Journal article eller anna, avhengig av kjeldetype.

Zotero

Legg inn som Bok, Del av bok eller Tidsskriftsartikkel eller anna, avhengig av kjeldetype.

Sjekkliste:


Har du sjekka kva kjeldetype i kompendiet du bruker? Kompendier er sett saman av ulike kjeldetyper. Derfor må du referere til originalkjelda, f.eks. til ein tidsskriftsartikkel eller eit kapittel i ei bok.

Sjekk om kompendiet oppgir originalkjeldene. Viss ikkje dette er tilfellet, kan du søke etter kjelda i ein database.

Finn du fortsatt ikke originalkjelda? Då viser du til heile kompendiet, ved å følge eksempelet frå Bok med redaktør.

Test deg selv!

Ein artikkel i eit kompendium du bruker manglar kjelde. Du klarer ikkje å finne originalkjelda, sidan du sit midt i ein heimeeksamen og har knapt med tid. Kva gjer du?
Helt riktig!
Prøv ein gong til, dette blei ikke helt riktig.