Dataspel (programvare)

Henvisning i teksten

Forfattar/Utviklar(ar) År

Eksempel 1: Nintendo Entertainment Planning & Development 2017

Eksempel 2: Blizzard Entertainment 2023

Dersom du nevner ordinær programvare eller mobilappar i teksten din, er det ikkje nødvendig å føre dei opp i referanselista.

Eksempel 3: I den forbindinga brukte vi mobilapplikasjonen Duolingo, som tilbyr gratis kurs.

 

Merknad: Det er vanskeleg å vise til ein bestemt stad i spelet. Forsøk å beskrive kor i spillet du er, så godt det lar seg gjere.

I litteraturlista

Forfattar/Utviklar(ar). (År). Tittel: Undertittel (Versjon) [Programvare]. Utgjevar. (eller Henta dd.månad.åååå frå https://xxxxx)

Eksempel 1:

Nintendo Entertainment Planning & Development. (2017). Super Mario Odyssey [Programvare]. Nintendo.

Eksempel 2, utviklar og utgjevar er den same:

Blizzard Entertainment (2023). World of Warcraft: Battle for Azeroth (Versjon 27355) [Programvare]. Henta 14. mars 2023 frå https://worldofwarcraft.com/en-us/

EndNote

Legg inn som Computer program

Fyll ut felta Programmer (dvs firmaet her), Year, Title, Publisher, Version, Type (skriv inn Programvare), URL.

Zotero

Legg inn som Programvare

Fyll ut felta Tittel, Programmerer (dvs firmaet her), Versjon, Dato, System (skriv inn Programvare), Selskap, URL

Sjekkliste:


Har du hugsa å beskrive kor i spelet du er? Det er vanskeleg å peike på kor du er i spelet, sidan speletid kan variere. Hugs å nevne kva slag level eller kva slag arc du spelar.
Har du hugsa hakeparentesen bak spelet sin tittel? Med hakeparentesar beskriv du kva slag type kjelde du refererer til.
Bruker du vanlege programvarer som Microsoft Word, Excel eller appar som Duolingo treng du ikkje referere til dei, men du nevner bruken i oppgåveteksta.
Ved nedlastningar av spel nevner du nedlastningsdatoen på slutten av referansen.

Test deg selv!

Du skal nevne tittelen på dataspelet i teksten du skriv. Korleis gjer du det?
Riktig! Titlar på kjelder som dataspel, appar og filmar skal skrivast i kursiv. Dersom kjelda er del av ein større heilhet, som ein episode eller eit kapittel, skal tittelen stå i anførselstegn.
Prøv ein gang til, dette blei ikke helt riktig.