Bok frå institusjon eller organisasjon utan forfattarar

Henvisning i teksten

Organisasjon [evt. forkorting] årstal: sidetal

Eks.: Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet [NTNU] 2018: 12

Du gjer det på denne måten første gongen institusjonen blir nevnt. Seinere i teksten kan følgande format brukast: (Forkorting, år). Eksempel: (NTNU, 2018)

I litteraturlista

Organisasjon. (år). Tittel i kursiv. Utgivar/URL

Eksempel: Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet. (2018). Kunnskap for en bedre verden: NTNU strategi 2018-2025. https://www.ntnu.no/ntnus-strategi/overordnet-mal

Merknad: I litteraturlista skal kun fullstendig navneform førast opp.

Merknad: Når forfattar og utgjever er den same, utelatar du informasjon om utgjevar.

EndNote

Legg inn som Book

Fyll ut felta: Author (hugs komma på slutten for å unngå invertering), Year, Title, Publisher, URL.

Zotero

Legg inn som Bok

Fyll ut felta: Tittel, Forfatter (Hugs å velge eit felt for å unngå invertering), Utgiver, Dato, URL

Sjekkliste:


Er du sikker på at det ikkje er oppgjeve forfattar(ar) nokon stad i teksten? Hugs å sjekke både forside og tittelblad. Dette er die vanlegaste stadene å oppgi forfattarnavn, men i enkelte tilfelle kan det også stå i for eksempel forord eller andre mindre åpenbare stadar. Bruk derfor gjerne litt tid på å sjå litt rundt i dokumentet, for å forsikre deg om at forfattarnavn faktisk ikkje er oppgjeve.

Har du klart å skille mellom utgåve og opplag? Det vert kalla ny utgåve (forkortelse: utg.) dersom det har blitt gjort endringar i innhaldet. Dersom ei bok er heilt lik, og berre har blitt trykt opp på ny, vert det kalla nytt opplag (forkortelse: oppl.). Det treng du ikkje oppgi i litteraturlista.

Test deg selv!

Korleis fører du opp ein organisasjon som forfattar i litteraturlista dersom organisasjonen har ei allment kjent forkorting, som for eksempel OECD?
Riktig! I litteraturlista skal alltid fullstendig navn på organisasjonen brukast.
Prøv ein gong til, dette blei ikkje helt riktig.