Korleis skriv du tittelen i litteraturlista?

Henvisning i teksten

Bok, rapport, nettside m.m.

Viss kjelda di er ei bok, rapport, nettside, tidsskrift eller noko anna som er ein heiskap, skriv du tittelen i kursiv.

Repstad, P. (2014). Sosiologiske perspektiver for helse- og sosialarbeidere (3. utg.). Universitetsforlaget.

Artikkel

Viss kjelda di er ein del av noko anna, som ein artikkel, eit bokkapittel, ein song på eit album, skal tittelen vere i vanlig skrift.

Mersland, R. (2011). The impact of international influence on microbanks’ performance: A global survey. International Business Review, 20(2), 163-176. https://doi.org/10.1016/j.ibusrev.2010.07.006

Undertittel

Bruk små og store bokstavar i tråd med reglane på språket. Mest vanleg er det at berre første ord i tittel og undertittel har stor bokstav.

Dersom kjelda har ein undertittel, skil du mellom hovudtittel og undertittel med kolon og mellomrom. Undertittel begynner med stor bokstav.

Nielsen, M.-B. O. & Thon, J. (2008). Wergelandenes Kristiansand: Byguide. Wergelandselskapet.

Treng du hjelp?

 

Merknad:

Tips for å sjå kva som er hovudtittel og undertittel:

– Ein hovudtittel har ofte større skrift enn ein undertittel.
– Dersom tittelen inneheld kolon, bindestrek, tankestrek eller punktum er som regel det som kjem før teiknet hovudtittel, mens det som kjem etter er undertittel.

Sjekkliste:


Har du sjekka om kjelda du bruker er ei bok, artikkel, rapport eller noko anna? Det er viktig at du sjekkar nøye for å kursivere rett del i litteraturlista.

Har du sjekka om kjelda har ein undertittel i tillegg til tittel? Husk å skilje mellom tittel og undertittel.

Test deg selv!

Skal du ta med undertitlar?
Rett! Dersom kjelda har undertitlar skal du ta desse med.
Prøv ein gong til, dette blei ikkje heilt rett.