Lysarkpresentasjonar (PowerPoint eller tilsvarande)

Henvisning i teksten

Lysarkpresentasjon som er tilgjengeleg for lesarane dine:

Du kan tilvise på denne måten dersom presentasjonen ligg åpent tilgjengeleg for alle. Du kan også bruke den for å vise til eit opptak av ei førelesing eller ein PowerPoint-presentasjon som er tilgjengeleg frå eit «digitalt klasserom» (for eksempel Canvas) som lesarane dine har tilgang til.

Forfattar År

Eksempel 1: Coyle u.å.

Eksempel 2: Melheim u.å.: Lysark 33

Presentasjon som ikkje er tilgjengeleg for lesarane:

Vert vist til som personleg kommunikasjon.

I litteraturlista

Lysarkpresentasjon som er tilgjengeleg for lesarane dine:

Forfattar. (år). Tittel: Undertittel [Lysarkpresentasjon]. Utgjevar. URL

Eksempel 1, presentasjon som er åpent tilgjengeleg:

Coyle, K. (u.å.). Bibliographic data: A new context [Lysarkpresentasjon]. http://www.kcoyle.net/presentations/oslo2011.pdf

Eksempel 2, presentasjon på intranett eller LMS:

Melheim, B. G. (u.å.). Helsefremmende sykepleie. [Lysarkpresentasjon]. Canvas. https://hvl.instructure.com/

Når presentasjonen er tilgjengeleg for lesarane via eit intranett eller læringsplattform, nevner du navnet på intranettet. URL skal vise til ei innloggingsside.

 

Presentasjon som ikkje er tilgjengelig for lesarane:

Dette er ei kjelde som ikkje er gjenfinnbar. Denne typen referansar skal derfor ikkje ha ein innførsel i litteraturlista. Du kan eventuelt vurdere å ha med presentasjonen som eit vedlegg til oppgåva di, dersom du treng det og har fått tillatelse frå den som står bak presentasjonen.

Vurder om du heller skal finne fram til originalkjeldene som presentasjonen bygger på.

Merknad: Du lagar ei beskriving som passar for kjelda, og set den i hakeparentes bak tittelen, for eksempel [lysarkpresentasjon] eller [opptak av førelesing].

 

Hakeparentes finn du på tastaturet:
Windows: Alt gr + 8 [ og alt gr + 9 ]
Mac: Command + 8 [ og command + 9 ]

EndNote

Legg inn som Web page.

Fyll ut felta: Forfatter, Year, Title, Publisher, Description, URL

Merknad: Ein presentasjon som ikkje er tilgjengeleg for lesaren skal ikkje med i litteraturlista.

Zotero

Legg inn som Presentasjon.

Fyll ut felta: Tittel, Presentatør, Type, Møtenavn (legg inn navn på konferanse, utgjevar eller navn på intranett), Dato, URL

Merknad: Ein presentasjon som ikkje er tilgjengeleg for lesaren skal ikkje med i litteraturlista.

Sjekkliste:


Er powerpointen du vil vise til tilgjengeleg for dei som skal lese oppgåva?

Kunne du heller funne fram originalkjelda presentasjonen bygger på?