Bok gitt ut i fleire utgåver

I litteraturlista

Ei bok kan vere gitt ut i fleire utgåver. Dersom innhaldet er endra kallast det ei ny utgåve. Informasjon om utgåve skal stå i parentes bak tittelen. Punktumet skal stå etter parentesen.

Dersom ei bok berre har blitt trykt opp på nytt og innhaldet er heilt likt, kallast det eit nytt opplag. Det treng du ikkje oppgi.

Eksempel:

Repstad, P. (2014). Sosiologiske perspektiver for helse- og sosialarbeidere  (3. utg.). Universitetsforlaget.

EndNote

Du skal berre skrive talet for utgåva i Edition (talet ‘2’ for 2. utgåve). Dersom det er ei førsteutgåve lar du feltet stå tomt.

Zotero

Du skal berre skrive talet for utgåva i Edition (talet ‘2’ for 2. utgåve). Dersom det er ei førsteutgåve lar du feltet stå tomt.

Merknad: Viss du ønsker å ta vare på informasjon om tidlegare utgåver av boka kan du legge dette inn i ein New Item Note, t.d. 1. utgåve 2021.

Sjekkliste:


Sjekk at du viser til den utgåva av boka som du faktisk har brukt.

Pass på at du har brukt det årstalet som høyrer til utgåva.

Test deg selv!

Kva for eit årstal skal du oppgi når ei bok er gitt ut i flere utgåver?
Rett! Dette er hovedreglane i APA. Hugs at bruk av sidetal kan variere mellom ulike fag, så sjekk gjerne med læraren/rettleiaren din.
Prøv ein gong til, dette ble ikkje heilt rett