Film

Henvisning i teksten

Hovudansvarleg År

Eksempel 1: Bornedal 2002

Eksempel 2: Howard 2006

Eksempel 3: Tati 1958/2001

Eldre filmar må vi ofte sjå i ny utgjeving. Eksempel 3 viser korleis du oppgjer opplysningar om opprinneleg utgjeving, i dette tilfellet 1958.

 

Merknad: Dersom du vil vise til ein bestemt stad i filmen, kan du oppgje tidspunkt i tilvisninga. Eit tidspunkt i ein film kan oppgjevast etter årstalet i formatet t:mm:ss, for eksempel 1:01:23. Tidspunkt under 1 minutt vert oppgjeve som 0 minuttar, for eksempel 0:34. Eksempel på dette er Bornedal 2002: 0:34.

I litteraturlista

Hovedansvarleg(e). (Funksjon). (Publiseringstidspunkt). Filmen sin tittel [Film eller meir presis beskriving]. Filmstudio. https://xxxxx

Eksempel 1:

Bornedal, O. (Regissør). (2002). Jeg er Dina [Film]. Northern Lights.

Eksempel 2, med meir presis beskriving:

Howard, R. (Regissør). (2006). The Da Vinci Code [Film; utvida versjon på DVD]. Columbia Pictures International.

Eksempel 3, med opprinneleg utgjeve og omsett tittel:

Tati, J. (Regissør). (2001). Mon oncle [Min onkel] [Film]. Criterion Collection. (Opprinneleg utgjeven 1958)

Det er ikkje nødvendig å angi om du såg materialet på DVD, på kino eller i en straumeteneste. Har du sett ein DVD med utvida versjon eller spesialmateriale, kan du ta denne opplysninga med innanføre hakeparentesen. Angi med semikolon føre: [Film; spesialutgåve på DVD]. Tilpass beskrivinga til ditt behov.

Merknad: Regissøren vert kreditert som forfattar av filmen. Dersom regissør ikke er oppgjeve, velger du andre i tilsvarande roller.

 

 

 

 

 

 

Merknad: I eksempel 3 er det oppgjeve ei omsetjing av tittel i skarpe klammar, samt opplysningar om opprinneleg utgjeving.

EndNote

Legg inn som Film or Broadcast

Fyll utfelta: Director (Du må skrive: Etternavn,, A. (Regissør) – legg merke til to komma etter etternavnet), Year released, Title, Distributor, Medium, (evt Original release). (evt Translated title)

Zotero

Legg inn som Film

Fyll ut felta: Tittel, Instruktør, Distributør, Dato, Format. Omsett tittel og opprinneleg utgjeving kan leggast inn manuelt i referanselista.

Sjekkliste:


Har du forsikra deg om at du vil vise til ein film og ikke ein TV-serie?
Har du forsikra deg om at du ikkje skal referere til YouTube?
Har du hugsa å oppgi kva slag kjelde du refererer til i hakeparentes etter filmtittelen?
Dersom du ønsker å referere til eit bestemt tidspunkt i filmen kan det oppgjevast i formatet t:mm:ss (1:39:21). Dersom tidspunktet er under 1 minutt vert det oppgjeve som 0 minuttar, for eksempel 0:34.
Regissøren vert oppgjeven som forfattar. Er ingen oppgjeven som regissør kan andre med tilsvarande roller krediterast i staden for.

Test deg selv!

Korleis kan du vise til ein bestemt stad i filmen Lady Bird (2017)?
Riktig! Eit tidspunkt i ein film kan oppgjevast etter årstalet i formatet t:mm:ss.
Prøv ein gong til, dette blei ikkje helt riktig.

Korleis viser du til ei filmatisering, for eksempel filmen Ninjababy? Den er regissert av Yngvild Sve Flikke og basert på Inga H. Sætres tegneserieroman Fallteknikk.
Riktig! Kjeldetypen er film, sjølv om den er adaptasjon eller basert på noko anna, og då følger du oppsettet for film.
Prøv ein gong til, dette blei ikkje helt riktig.