Eit kompendium er ei samling med tekstar henta frå andre kjelder, som kopierte utdrag frå bøker eller artiklar frå tidsskrift. Når du skal referere til ein tekst fra eit kompendium, er det viktig å gi riktig informasjon som gjer at andre kan finne den originale kjelda.
Eit kompendium som er sett samen av tekstar i samband med eit studie, er ikkje åpent tilgjengelege. Derfor må du finne referansen til teksten der den opprinnelig er publisert. I kompendiet bør referansen til originalkjelda vere oppgitt. Bruk denne, men kontroller at den er korrekt. Dersom det ikkje er oppgitt kjelde, bør du gjere eit søk i ein database eller på internett for å finne originalkjelda. Lag ein referanse som samsvarer med den kjeldetypen det er (tidsskriftartikkel, kapittel i bok eller annan type kjelde).
Dersom du ikkje klarer å finne ut kor teksten opprinneleg har vore publisert viser du til kompendiet. For å vise til eit heilt kompendium, følg eksempelet frå Bok med redaktør.
Kjelda får vanleg innførsel i litteraturlista ut frå kva type kjelde det er snakk om: Bok, kapittel/artikkel i bok med redaktør, artikkel osv.
Legg inn som Book, Book section, Journal article eller anna, avhengig av kjeldetype.
Legg inn som Bok, Del av bok eller Tidsskriftsartikkel eller anna, avhengig av kjeldetype.
Har du sjekka kva kjeldetype i kompendiet du bruker? Kompendier er sett saman av ulike kjeldetyper. Derfor må du referere til originalkjelda, f.eks. til ein tidsskriftsartikkel eller eit kapittel i ei bok.
Sjekk om kompendiet oppgir originalkjeldene. Viss ikkje dette er tilfellet, kan du søke etter kjelda i ein database.
Finn du fortsatt ikke originalkjelda? Då viser du til heile kompendiet, ved å følge eksempelet frå Bok med redaktør.