Førelesingsnotat, e-postar, tekstmeldingar, samtalar og liknande som ikkje er tilgjengeleg for andre, vert refererte til som personleg kommunikasjon.
Oppgi kven du har snakka med og kvifor dette er relevant (personen sin tilknytning til materialet du behandlar), og når du snakka med vedkommande. Be personane du snakka med godkjenne at dei blir siterte, og at dei blir korrekt sitert. I fotnota må dato vere med:
Eksempel:
… D. Didriksen, personlig kommunikasjon, 17. desember 2024.
David Didriksen (personlig kommunikasjon, 17. desember 2017) påpekte i e-post at….
Ikkje bruk personleg kommunikasjon for sitat eller informasjon frå eigne intervjuobjekt som utgjer ein del av dine forskningsdata.
Personleg kommunikasjon er ein kjeldetype som ikkje er gjenfinnbar. Denne typen referansar skal derfor ikkje ha ein innførsel i litteraturlista.
Kan leggast inn som Personal communication for å lagre dei opplysningane du har frå samtalen.
Du kan bruke kjeldetypene E-post, Hurtigmelding eller Intervju, men desse gir også ein innførsel i litteraturlista, som du må slette manuelt.
Er du sikker på at kjelda du har brukt ikkje er tilgjengeleg for andre? Dersom det f.eks. er ein presentasjon som ligg offentleg tilgjengeleg (utan innlogging) på nettet skal den ikkje leggast inn som personleg kommunikasjon.